Kven - om kunstnaren
 
My CV (.doc)

Eg er fødd i 1971, og vaks opp i ein fjelldal i Vest-Noreg. Å vekse opp i eit så byfjernt strøk, og i eit tøft klima, inngav meg med beundring og respekt for naturen sine kollosale krefter.

Det skapte også ein sterk lyst til å reise, møte folk frå andre kulturar og sjå andre deler av verda. Når eg var femten år drog eg frå dalen.

Eg oppdaga lidenskapen min for kombinasjonen leire og eld nokre år seinare, på New Zealand. Peter Lange, min første lærar, introduserte meg til vedfyring.

Å brenna krukkene mine med ved vart grunnelggjande for meg på eit tideleg tidspunkt , og etter eit årelangt kurs i Auckland, reiste eg til sentral- Frankrike for å læra meir om kunsten å brenna keramikk med ved.

Eg var halvtanna år i La Borne, ei bygd som er vidkjent for for sine mange og forskjellige vedovnar og lange tradisjonar med vedfyrt keramikk.
E
g lærte også mykje om byggjeteknikk for slike omnar, og var med på byggjing ulike stader, bl. anna i Belo Horizonte, Brasil. Fasinert av kunnskapen om vedfyring og dreiing i regionen, reiste eg tilbake til sentral-Frankrike.

Denne gongen gjekk turen til St. Amand en Puisaye, ei bygd der keramikk har vore produsert i stort omfang like frå det 11. århundret.

Eg blei verande der i tre år, og lærte den spesielle teknikken for å dreia store krukker, og å brenna i dei enorme, fleire hundre år gamle vedfyrte keramikkovene dei hadde der.

Å undervisa ved det Franske Nasjonale Senter for Keramikk, og arbeida med å ivareta og formidla vidare lokale tradisjonar og fagkunnskap, vart viktige oppgåver for meg i denne perioden.

Etter mange år i utlandet har eg no bygt opp ein verkstad og ein vedfyringsovn på Voss.

Ovnen på Voss har eg bygd under torvtak,
den er 6,5m. lang og rommar ca 6 kubikk.
Mitt uttrykk i leire er utvilsamt prega av nærkontakt med naturen under oppveksten. Også i dag får eg grenselaus inspirasjon og energi frå vestlandsnaturen, kraftfull og skiftande.

Med mange internasjonale kontaktar reiser eg framleis ein god del, og eg har frå tid til anna prosjekt i utlandet. Men eg har arbeider hovudsakeleg på Voss, og har regelmessige brenningar der. Eg håpar å gje eit spanande bidrag til norsk keramikk!
 

© 2005 Linda LID - Design Claude Aussage