Vedfyring

Kunsten å gjera leire, eit plastisk, foranderleg materiale om til stein, solid og stabilt, har vore kjent for mennesket i fleire tusen år.

Verkemiddelet har vore ved og eld. I vår tid finst det fleire andre metodar for å brenne keramikk. Olje, gass eller elektrisitet er alle praktiske, effektive energikjelder som gjev gode resultat. Men vedfyring gjev meir enn berre varme.

 

Flamma som omsluttar keramikken og stryk forbi den i stor fart gjev fargerike teikningar på leira og fortel sin historie om omformingsprosessen.

Minerala i oska legg seg og på keramikken, og framhevar form og uttrykk. Farge og tjukn på oskeavleiringar varierer etter kva treslag ein brukar, kva type ovn ein har og kor lenge brenninga varar.

Når eg arbeider med leira er det med tanke på at elden skal merkja den, undrestreka idear og styrkja kontrastar. Korleis tinga er plasserte i ovnen og måten ein brenner på er avgjerande for det endelege resultatet.

Men ein har aldri hundre prosent kontroll over rørslene til flammane eller fargane dei gjev deg.

Dette gjer heile prosessen utruleg spennande!

Eg brukar steingodsleire og porselensleire i mitt arbeid, og brenner til 1280-1300 grader celsius. Å nå ein så høg temperatur med ved og naturleg trekk (lufttilførsel) er ei vanskeleg oppgåve, og i min ovn tek det fleire dagar med kontinuerleg ilegg av ved.

Eg brukar frå 7 til 15 kubikk ved i ei brenning. Når det går mot slutten av ei brenning, og ein har nådd høg temperatur, vert ovnen som eit levande vesen, den pustar, utvidar seg og spyttar eld!

Innvendig er den kvitglødande og keramikken nærmar seg smeltepunktet.

   

© 2005 Linda LID - Design Claude Aussage